.01
Våre kulturprodukt
Me har fleire unike kultur- og vandreprodukt i Aurlandsdalen. Bli med!
UNIKE OPPLEVINGAR
Me har fleire vandreturarar i Aurlandsdalen på forespørsel.
.02
Om kultur på fatet - kulturarv og Anka
VERTINNA LAILA KVELLESTAD
Med ei sterk tilknytning til naturen og lidenskap for å halde arven i norsk matukultur i hevd, er Laila Kvellestad ein kunnskapsrik ressurs. Som ei av dei første oppsynskvinnene i Noreg har Laila god kjennskap til naturen og fjella rundt Aurland, og eit heilt spesielt forhold til villrein, jakt og sauehald. For lokalkunnskap, historieforteljing og matkultur er Laila ein flott guide og rådgjevar.
Laila har som mål å skape interesse og arena for mattradisjon og læring, både for lokal ungdom, lokale bedrifter og tilreisande. Ho serverer rikeleg med kultur på fatet!
NORSK MAT, NATUR OG KULTURARV
Kultur på fatet betyr tradisjon. Det betyr arbeidssett og metoder som har blitt lært bort og arva gjennom fleire generasjonar over fleire hundre år. Produkta vi nordmenn har laga opp igjennom tidene har den verkeleg gode smaken og kjensla av handtverk.
Me må ikkje gløyma kor autentisk, rikt og annleis norsk mat kan være. Med Kultur på fatet ynskjer vi å minne oss nordmenn på at sjølv om det er mykje spennande på tallerken i det store utland - treng en ikkje reise så langt for å finne noko heilt unikt!
ANKA - Aurland Natur- og kulturarv BA
Aurland Natur- og kulturarv BA (ANKA) er eit lokalt samvirke. Formålet er å utvikla det natur og kulturbaserte potensialet for verdiskapning i Aurlandsregionen ved hjelp av nettverksorganisering, merkevarebygging og entreprenørskap. Du kan lese meir om ANKA her.
.03
MAT - guiding - netTVERK
Mat
Om du er interessert i norsk matkultur og historia om Norsk Kulturarv, kan Kultur på fatet hjelpe med kunnskap og informasjon.
Guiding
Vi kan føre deg til skjulte skattar i Aurlandsdalen og områda rundt. Har du spesielle ønsker kontakt oss gjerne for guiding og rådgjeving.
Nettverk og prosjektarbeid
Eit av våre største ønske er å skape møteplassar der alle med interesse for norsk matkultur kan utveksle idear og tankar. Dersom du har ein ide, eller ønsker å bli kjent med nettverket i Aurland kontakt oss gjerne.
Bankande hjarte
I ei verd der alt går fortare og fortare meinar vi det er viktig å ta seg tid til å kjenne på korleis vil alle er knytt til naturen. La oss hjelpe deg til å kjenne etter, og kanskje oppdage kor hardt landskapet sitt hjarte bankar.
.04
Kom nærare naturen
.05
Kontakt oss
Bli med på et kulturelt eventyr
Ta kontakt med oss for spørsmål eller andre henvendelser.